Mellom 3-4000 personar var i målområdet for å ta del i den store sykkelfesten på Rådhusplassen på Kristi Himmelfartsdag. Tilbakemeldingane i aviser, på tv, i radio og ikkje minst frå rittkomiteen var mildt sagt fantastiske i etterkant!
Ekstra spennande blei det i tillegg då vår eigen CKH-syklist, Sven Erik Bystrøm klinte til eit par kilometer før mål på ein slik måte at alle på Rådhusplassen haldt pusten. Det haldt ikkje heilt inn, men det var eit skikkeleg bra forsøk som definitivt fekk opp stemninga i folkemengden. Nå kan me med god samvittighet klappe oss sjølve på skuldra, og seie at dette har eg i lag med andre CKH-medlemmer vore med på. Tenk berre: Direktesending i 47 land og 11-12 millionar sjåarar gjennom store deler av CKH sin region i drømmeforhold. Me har allerede no fått sterke signaler på at Haugesund er sterkt ønska til neste år også. Dette er eit bevis på eit stykke godt gjennomført oppdrag! Tusen hjarteleg takk til alle frivillige CKH-arar som var med og drog lasset slik at sykkelfesten blei minst like bra som me hadde håpa på i forkant! Sykkelhelsing frå Tor Olav og Leif Erik. Comments are closed.
|
Details
PåmeldingerHovedsponsorerØvrige sponsorer
Arkiv
January 2022
|