Då var turen kommen til Schladming i Østerrike. Kanskje mest kjend som vintersportstad, og det store Nachtslalom-rennet kvart år. Her skulle firedagarrittet Alpentour Trophy holdas veka som var. Fire etapper, der dei tre første er normale XCM etapper, og den siste ein bakketempo med intervallstart. Eg fekk sykla gjennom heile første etappen ila dei to første dagane eg var på plass, og løypa var litt som forventa. Lange klatringar på ei blanding av asfalt, traktorveg, grus og sti. Nedover går det ofte også på grus/traktorveg, men tidivis på skikkeleg hårete sti. Eg hadde med både hardtail og fulldempa sykkel (med senkepinne), og valgte å bruke fulldempaen. Dette til tross for at hardtailen er noko lettare, og betre å klatre med. Fleire rytterar her nede er litt dårlege utfor, eller i alle fall held dei ein del igjen nedover, og det tenkte eg å dra fordel av med å velje fulldempa og dermed ha mulighet til å enten gønne litt i frå, eller ta inn ev. tapt tid, nedover.
Å klatre lange bakkar fekk eg trent litt på i sommar. Det er noko anna å klatre oppover når det drar seg over halvtimen, og gjerne strekk seg opp mot ein time samanhengande oppover. Plutseleg kjennes 20 mins bakkedrag som veldig kort.. Eg var spent på korleis formen eigentlig var etter at det gjekk drita dårleg i Tsjekkia. Det kjentes fint ut på trening i forkant, men det gjorde det også i Tsjekkia. Så eg bestemte meg for ein noko defensiv taktikk på første etappe, med å halde igjen ut frå start og heller prøve å auke farten etter kvart. Då måtte eg og tåle å bli fråkjørt av mange. Løypa talte 65 km og i underkant av 3000 høydemeter klatring. Eg prøvde å halde jamn fart, men gjennom etappen gjekk eg frå å både kjenne meg veldig bra til å kjenne meg heilt elendig, fleire gonger. Det var nokså varmt, og veldig klamt i lufta og eg kjende mot slutten av eg byrja å bli nokså dehydrert. Fingrane krølla seg rundt styret, og det er sjeldan eit godt teikn. Eg køyrde jamnt bra heilt til eg kom til neste siste klatring. Der blei det krabbegir, og eg tapte mange minutt berre der. Heldigvis var det fleire enn meg som hadde fått det, og eg var ikkje den einaste som det gjekk smått med. Det blei likevel eit solid tidstap og eg rulla inn som nr 16 i mål, etter gode 3,5 time. P16 var eit ok resultat, og det var rytterar som perler på ei snor foran meg på lista. Så bortsett frå den halvtimes klatringa eg fekk føle på hammaren, så var eg brukbart nøgd. Kroppen var mykje betre enn den var i Tsjekkia, og då visste eg at eg var på betringens veg, formessig. Andre etp kjentes umiddelbart betre ut allereie frå start. Etappen var nokså lik som første, med rett over 60km og rundt 3000hm. Ein rå nedkøyring på tusen høgdemeter, frå høgaste punkt, på ikkje akkurat flytsti gjorde valget om fulldempar med senkepinne rett. Eg fann ein grei flyt, køyrde kontrollert i klatringane, og kunne dure inn til P11 i mål. Beina kjentes betre ut på slutten enn på starten, derfor var eg klar for å gønne skikkeleg på tredje etp. Det gjorde eg også, og på tredje etp var eg med i teten. Endeleg kjente eg meg sprek! Denne etp var noko kortare enn dei to første, men hadde tilgjengjeld den lengste klatringa. Den starta med 400hm på jamn asfalt, før det blei 800hm på grus og sti. Her klatre eg selfølgeleg å punge like før den lange klatringa starta.. så dermed drog toget frå meg. Eg fekk etter kvart bytta hjul, men måtte klatre heile fjellet aleine, istadenfor å få første del «gratis».. Dette var litt som heile 2021 sesongen har vore til no. Når eg første kejnner meg bra så kjem det noko i vegen. Så då måtte eg bruke alle kreftene på å komme meg så langt opp på lista som mulig igjen, istadenfor å kunne vera med heile der framme. Eg kom meg ikkje opp igjen der eg var, men klarte å redde inn slik at eg i alle fall ikkje tapte plassar i samandraget. Siste etp var ein rein bakketempo, med intervallstart. 1250 hm fordelt på ca 13km. Tidvis slak grusveg, tidvis psykobratt sti. Her var det vanskeleg å finne ein god flyt! Prøvde å klatre eit par plassari samandraget, då dei to foran meg der hadde det litt tungt. Slo dei på denne etp men ikkje med nok, så eg havna tilslutt på 14. plass samanlagt. Heilt fint resultat det, sjølv om eg hadde håpa på ei topp 10 plassering. Uansett var eg fornøgd med at bein og kropp responderte bra, og det virka som vaksinebivirkningdriten var på god veg ut av systemet. Heile formålet med denne turen var å få banka inn nokre gode resultat for å forhåpentlegvis kunne få lov til å køyre VM, som i år blir arrangert i Italia 2. oktober. I og med at NM gjekk ad undas, hadde eg lite å slå i bordet med i år. Ikkje hadde eg køyrt UCI ritt ute i verden tidlegare i sesongen då eg la alle egga i NM korga. Smart. Men gleda var då stor då eg fekk tommel opp frå landslagssjefen om at Alpentour var bra, med dei forutsetningane eg hadde. Kanskje eg og fekk litt goodwill etter å ha køyrt ganske mange ritt utanlands dei siste ti åra også, eg veit ikkje, men i alle fall, på tysdag sit eg på flyet til Pisa, for å køyre mitt sjette VM, på øya Elba i Toscana. Endeleg ein opptur! CKH trøya er fin, men det er noko eige med å dra på seg landslagstrøya
0 Comments
Leave a Reply. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |