Litt «sykkefjas» frå mi side igjen. Etter ein roleg haust i fjor bestemte eg meg for å gå inn for prøve å trøkke til for eit NM resultat igjen i år, då det var veldig kjekt å vera tilbake på pallen der i 2020. Eg har mange fine resultat å vise til ila dei siste 10 åra, både i inn- og utland. Det har blitt fleire NM-medaljar, men ingen mesterskapstrøye, og det plagar meg litt. Antal sjansar for å få det til byrjar å nærme seg farleg null, så her må det smies mens kropp og bein fortsatt kan ta til seg trening! Dermed vart målet om NM i 2021 satt. Så i november i fjor var det back to work, med mål om å bygge opp treninga til eit høgt nivå, både kvalitet- og mengdemessig. Heile tida få passeleg hard belastning og god kontinuitet. Eg gjekk roleg fram, og la på stein på stein, veke for veke. Ikkje spesielt spennande, men mesteparten av treninga mi er no eingong nokså kjedeleg.. Eg såg ikkje på det som aktuelt med noko treningsleirar utanlands ila vinteren. Eg har tilbrakt tilsaman rundt halvanna år av livet mitt i Spania og det held eigentleg. Så treninga gjennom vinteren bestod hovudsakeleg av sykling, ute og på rulle, langrenn og litt lett jogg i ny og ne. Det blei bra kvalitet på treninga, og rett så god mengde totalt sett også. Med NM ikkje før 10. juli, ville eg få mykje tid på sykkelen frå mars av og fram til juli, trass i mykje langrenn i januar og februar. Dei siste tre mnd har det blitt 300 timar på sykkelen, utan nemneverdige skavankar. Andel hardtrening er ikkje høgare enn rundt 7%. Sjølv med relativt få minuttar med hardtrening har eg hatt brukbart nivå på dei hardøktene eg faktisk har køyrt. Det gir om ikkje anna eit godt utgongspunkt for det som kan bli ein god sesong frå NM og utover sommaren og hausten. Så mykje roleg trening i «snakketempo» skal ein ikkje kimse av. Det er i praksis den største hemmeligheten i utholdenshetsidrettar; tålmodig og hard jobbing over lang tid. For å sitere frå ei bok av Thor Gotaas ; Tanken var å trene enormt fra oktober til jul for å bygge grunnlag, så minke mengden og konkurrere ofte utover vinteren. Den som trente mye rolig tålte flere renn og beholdt formen lengre. Hvis en tålte mengdene. Oddvar Brå og Ivar Formo gjorde det. I tre av Brå sine uker høsten 1973 trente han 35, 35, 37,25 og 33,35 timer. I november 1973 stod det 145,25 timer i treningsdagboka. No skriv me slutten av mai, og eg har fått gjort ein god treningsjobb utan avbrekk i heile år. Det hadde vore gunstig med eit solid ritt med god matching ikkje så lenge før NM, men det ser ikkje ut som at blir noko. Dei fleste Norgescupritt er utsatt til slutten av juli og seinare. Å reise utanlands for å kjøre UCI ritt tett opptil NM ser eg ikkje på som noko alternativ. Det kunne sikkert gått bra, men det hadde vore typisk å måtta t.d gå i karantene eller karantenehotell i X antal dagar pga noko ein ikkje har kontroll på sjølv. Så utanlands får vente til reglane er meir klare enn i no. Det er uansett NM kjem først. Heldigvis går NM under særskilde toppidrettsreglar, så det skal meir til for at det skal bli avlyst eller utsatt. Blir det avlyst har eg trent mange nokså bortkasta timar og har postkassen stappfull av skjegg, men eg vil heller risikere å ha toppform og sjå at NM blir avlyst, enn å ikkje ha toppform og så blir det arrangert :) Heldigvis er NM-løypa av dei seige sorten, den krever ikkje fart i beina eller mange ritt i kroppen for å kunne gjere det bra. Mesteparten av løypa går på høgfjellstiar nært Rondane nasjonalpark. Det blir ingen felt, eller store grupper. Her blir det vatn mellom båtane omtrent frå første tråkk. Det anbefales å vera med om du likar terrengsykling. Denne løypa har alt. Lett, brei sti, smal flytsti, bratt sti (både opp og ned), lang, seig grusklatring og raske gruspartier. Ein solid tur, og garantert rå sykkeloppleving. Sjå bilder av høgdeprofil og kart som eg legg ved. Løypa har vore fast innslag som NC eller NM sidan 2013. Førre gong det var NM der vart eg nr to og eg har aldri vore utanfor pallen dei gongene eg har stilt. Så sånn sett kan eg seie at løypa passar meg bra, samtidig har eg aldri har vunne der.. Det er langt frå sikkert at eg kan klare det, det er mange som er gode, og fleire som kan ta det, men eg skal jammen gjer mitt for at eg skal bli hard å slå! Kanskje er det CKH drakta som skal gjer susen? �� Satsar på ei oppdatering her når det nærmar seg litt meir! Lars Granberg
0 Comments
|
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |