NM 2020: HelterittetNokon har kviskra meg i øyra at eg burde sende inn ein liten rapport på sykkelfjas-sidene om årets NM, då dei gjerne ville høyre meir om det. Det skulle vel gå an.
I fjor haust var eg inne på tanken om eit aldri så lite comeback i dei større UCI-løpa ute i Europa, med mål om å kunne gjer det såpass bra at eg kunne få vera med i VM igjen. Treninga gjennom vinteren gjekk bra. Eg låg på eit fornuftig nivå både mengdemessig, og intensitetsmessig, utan at eg brukte opp opptrent form og energi. Eg hadde eit ritt i Frankrike i starten av april i tankane, etterfulgt av eit i Belgia nokre veker seinare. Det kan me vel trygt sei blei med tanken! Utover i april og mai såg jo alle kor dette bar hen, og eg fekk ganske raskt først teikn på at eg ikkje er havna i mosjonistkategorien, der folk trenar for opplevelsen og for å halde magen inne osv.. Då det ikkje fantes klare konkurranseplanar lenger, så forsvant også det meste av motivasjon til å trene ordentleg og systematisk. Då også NM på Furusjøen ved Rondane i juli blei avlyst datt det nesten fullstendig saman, og det blei heller mykje stisykling uten så mykje mål og meining utover det å køyre kule stiar. Om ikkje anna blei det iallefall tid til ei helg med mange CKHerar på mine favorittstiar i Oslo-marka. Knallkjekt! Utover mai og juni trena eg som om det treningsmessig var januar. Mykje lengre turar, både på sti og grus, ispedd litt intensitet under og på terskel. Prøve å ta ein KOM her og der, men ellers halde igjen på kruttet. Då det byrja å starta opp med mindre konkurransar i månadskiftet juni/juli bestemte eg meg for å teste formen litt på eit grussritt ved Trysil. Normalt eit lite turritt som eg aldri hadde høyrt om før, og nok ikkje eingong hadde vurdert deltaking på i eit normalt år fekk plutseleg eit startfelt ein NorgesCup verdig! Kjekt for arrangøren :-) Eg vurderte å køyre eit par solide økter med trøkk i for å ha litt ekstra å gi, men lot det vera. Eg måtte no klare å kunne gjer det greit utan. Men dengong ei! Her fekk eg passet påskrevet og blei droppa av teten i ei klatring på eit godt kvarter. Den skulle eigentleg ha passa meg bra, men kun grunnform var altfor dårleg til å henge med og eg sjangla inn til ein åttandeplass. Nesten litt flaut, men samtidig fint å få ein reality check på korleis det låg an. Konklusjonen var at det nok var litt å gå på :-p Eit par dagar etter Trysil blei det offisielt at Helterittet på Rjukan overtok arrangementet av årets NM. Då var det fem veker igjen, og eg fekk brått ein solid dose motivasjon. Forrige gong det var NM på Rjukan blei det bronsemedalje, og det var også sist eg var på pallen i NM sammenheng. Det måtte då gå an å få det til igjen!? Eg antok dei siste to års gull- og sølvvinnarar Ole Hem og Emil Hasund Eid som dei to største favorittane, men ein bronsemedalje var på ingen måte urealistisk. Og når ein kan kjøre om ein medalje kan ein og køyre om seieren! Ein pallplass var altså det store målet. Helterittet har eg køyrt fem gonger før, og har ein seier (2018), tre andreplassar (2012, 2013 og 2019) og ein tredje (2015). No skulle me bruke same løypa som i 2015. Den er litt annleis enn originaltraseen ved at det er lagt til nokre terrengpartier. Første klatring er lik, men nedkjøringa til Atrå er på bratt, smal sti istadenfor på grusvegen. Deretter er det eit stiparti nede i Atrå på eit lite kvarter, før me startar på klatringa opp til Kalhovd. Denne skiller seg også frå originaltraseen ved at den går på austsida av asfaltvegen, hovudsakleg på sti og traktorveg, før den møter orginaltrasseen ca ei mil eller så før Kalhovd. Over vidda er det likt, heilt til det er eit 11-12min stiparti som kjem like før ein bikker nedover mot Gvepseborg og ned til Rjukan og målgang. Totalt er løypa rundt ein halvtime lenger enn originalt. Dvs ei vinnartid på rundt fira timar. Eg la ein god treningsplan dei siste fem vekene. Det ville bli godt over hundre timar på sykkelen om alt gjekk som det skulle. Det innebar ei "vanleg" treningsveke først, med i underkant av 20 timar. Deretter blei det to veker med mange treningsturar på 6-7,5 timar, med ein god del innlagte drag undervegs. Sidan bakkane på Rjukan er lange blei det naturleg å legge inn eindel 20-30 mins klatringar. Eg låg tre dagar på Rjukan der eg trena både i løypa, og i andre bakkar der, men eg hadde like god nytte av å køyre lange treningsturar i Ølen og omegn. Spesielt i Etne er det fleire lange klatringar. Rusvegen har blitt forlenga innover fjellet, og denne åleine var på nærare halvtimen med stramt kjede. Det blei totalt mange timar oppunder terskel. Trening eg responderer bra på. Eg kjente eg vart sterkare for kvar veke, samstundes som eg vart meir og meir sleten. I teorien skal dette kunne gi ein fin formtopp når ein slepp opp på belastningen. Jo større grunnlag ein har lagt på forhånd, jo breiare blir formtoppen. Det er jo dette alle vil, men som ofte er vanskeleg i praksis. Kor langt skal ein strekke strikken? Kor mykje trening blir FOR mykje? Ingen pulsmålar, wattmålar eller laktatmålar kan fortelle deg dette. Her må ein kjenne etter. Godt etter. Belastninga må oppretthaldas så lenge som mogleg, og bremsen må ikkje trykkast inn for tidleg, men iallefall ikkje for seint. Å forstå korleis kroppen fungerer er ikkje rakettforskning. Det er mykje meir komplisert enn det. Eg hadde flaks. Eg traff veldig bra med min formtopping. Eg reduserte litt på mengden nest siste veka. Ei veke før NM var eg med på Kongerittet i Nannestad for å få ein bra gjennomkøyring der. 65km på grus. Igjen datt eg av teten i ein bakke mot slutten.. Hadde eg feila fullstendig?! Tida det tok frå å vera pinnestiv på toppen av bakken til eg kjente meg bra igjen var så kort at eg visste at her ville formen komme. Eg måtte sleppe fordi eg var stinn av trening, ikkje fordi eg var i dårleg form. Eg kom meg opp igjen til tetgruppa som talte 12-13 stk og i mål blei eg fem. I spurt(!). Eg hadde ikkje vore meir eller mindre fornøgd om eg hadde blitt sist i spurten, eller først. Det spelte ingen rolle. Eg kunne kjenne at beina var på veg, det var det viktige. Dei to neste dagane gjorde eg ingenting. Og då meiner eg ingenting, bortsett fra korte turar på sykkelen med nokre 30sek drag undervegs. Dette er vanskeleg, for ein kjenner seg bra, overskotet er på plass og det bobler i både beina og i resten av kroppen. Det var fristande å gjer noko. Kløppe plenen, male ferdig huset, eller andre ting. Eg låg for det meste vassrett og kikka i taket. Det føles heilt forkasteleg, men det er slike ting som kan skille. Alle kan klare å trene hardt og mykje, men alle klarer ikkje å kvile like hardt. Fire dagar før (tirsdag) køyrte eg ein hard femtimars, med fleire forskjellige drag undervegs. Eg var nervøs før eg stakk ut. Tenkt om eg hadde dratt det for langt og det var ingenting å gi. Første drag var rundt eit kvarter og eg måtte nesten anstrenge meg for å holde meg under 6w/kg i snitt. Det var sjukt digg å kjenne kor lite det kosta meg. La inn litt korte, harde drag og klokka inn nøyaktig 5 timar vel vitande om at treninga siste månaden hadde funka. Dei to neste dagane etter dette blei like lite gjort som tidligare i veka. Viktig. Det var bra startfelt som var påmeldt. Alle som normalt ville vore med, i tillegg til nokre landeveisfolk frå Tønsberg CK og Team Coop. Alle som har vore med på Helterittet veit at første bakken er nokså drøy. Bratt og lang. Taktikken min var å køyre min eigen fart oppover, og ikkje vera med på det køyret som sannsynlegvis kom. Erfaringa mi er at det blei ei lita gruppe som køyrer knallhardt får bånn i tet og ei tilsvarande lita gruppe som kjem til toppen 30-40-50 sek bak, og desse samlar seg før Atrå. Eg låg jevnt på 380 watt opp heile bakken, og var kanskje rundt 30 sek bak teten på toppen. Det samla seg som venta etterkvart og me var ei tetgruppe på rundt 8-9 stk før den raske utforkøyringa ned til Atrå. Her var det eit par stk som falt frå. Oppover mot Kalhovd gjekk det først nokså roleg, men så blei farten satt opp og fleire fekk det tungt. Igjen ved tredje langing var me fem stk. Med fem-seks km igjen til Kalhovd støta Ole Hem og fekk med seg Emil Hasund Eid. Dei to kanskje største favorittane. Dette var ikkje uventa. Eg satt igjen med to raske rundbaneguttar i Knut Røhme og Mats Glende. Eg var nokså mør i beina, og turte rett og slett ikkje å gå etter dei to som stakk i frykt for å få det og miste sjansen min på medalje. Me såg dei to andre foran oss eit godt stykke, men etter kvart punkterte Knut, og eg og Mads skjønta at det var mest sannsynleg at bronsemedaljen blei mellom oss. Då sank farten og ingen av oss brukte meir krefter enn me måtte. Det var kraftig motvind, så det var lett å sitte bak, men tungt å sitte foran. Avstanden til dei to foran auka bra, men me såg heller ingen bak oss. Eg var redd eg ville komme til kort for Mads i det siste stipartiet oppe på fjellet. Eg visste han var betre teknisk enn meg, så eg var nødt til å finne på noko. Ei mil eller så før det byrjar å gå nedover mot Rjukan er det ein bra bakke på kanskje 4-5min. Her gjekk det i jevn fart oppover, og mot slutten av bakken var eg nødt til å prøve. Eg trøkka til alt eg kunne, blei pinnestiv etter sikkert berre 30 meter, men då eg kikka bakover og såg eg hadde luke fekk eg plutseleg nye krefter. Dette måtte då gå!? Luka auka, og eg synes eg hadde god kontroll. Prøvde å finne ein bra tempostilling i motvinden. Det gjekk ganske bra unna. Så bra at eg kom altfor fort inn i ein sving der det plutseleg var medvind. Forhjulet skei ut og eg gjekk rett i bakken! Megatabbe! Heldigvis var det ingen skader på verken sykkel eller meg sjølv, men luka eg hadde opparbeida meg var brått berre 100 meter igjen.. Det var berre å roe ned og starte på nytt. Her slapp eg billeg unna! Då eg kom til det siste stipartiet såg eg ingen bak meg lenger, så her var det berre å køyre kontrollert inn og unngå å gjer fleire dumme ting. prøver og halde ein grei fart innover stien då eg ser Ole Hem stå med flatt bakhjul... Kjedelig. Han hadde rett nok blitt fråkjørt av Emil, men hadde sølvet i lomma. Men samtidig gjelder det å unngå trøbbel. Eg kjem meg gjennom, og ned alle hårnålsvingane under Krossobanen og trygt i mål til sølvmedalje :-) Sjuukt digg! Rett nok fekk eg ein plassering billeg, men eg hadde vore nett like fornøgd om det hadde blitt bronse. Det meste gjekk som eg hadde håpa på, både i forberedelsane og under rittet. Heile greia går nok inn blant topp tre ritt eg har gjort. Å sjå at treningsøktene funker, at likninga med så mange ukjente faktorar går opp, og ein sit igjen med eit resultat til slutt som var innanfor målsetninga er veldig tilfredstillande. Eg har ikkje vunne NM nokon gong (enda..), men dette føltes godt som gull. Det var godt å vise at ein ikkje treng vera født på nittitalet for å kunne køyre fort på terrengsykkelen :-) Etter NM blei det egg og bacon til frukost kvar dag.. Eg var tom. Den fysiske formen var fortsatt bra, men den mentale rittformen var heilt elendig. Eg måtte ta ein pause. Dermed er huset heilt ferdigmalt, plenen grøn og fin. Port er tilogmed kommen opp. Alt til si tid ;-) Lars
0 Comments
Everesting 18.august 2020Klokken var satt på 02:30 som var umenneskelig tidlig etter hva fruen mener. Det var opp, lage kaffe og komme seg ut dørene og avgårde. Vel inne i Svinali så var det bare å pakke ut alt av utstyr. Reservehjulsett, reserve sykkel, bord, stoler, 3-4 par skift om nødvendig osv osv. Kvelden før var campingvognen kjørt inn slik at vi hadde tilgang til kjøleskap samt toalett om det skulle bli nødvendig. Heldigvis har eg en så flott og kjekk samboer som stiller opp på alt eg gjør. Hun var med inn og ble min viktigste brikke som support i dette opplegget.
Klokken 04:00 så var eg klar og banket ned bakken for første gang i mørket. Denne dagen var det meldt kanon vær, med sol og gode temperaturer. Temperaturen var vel rundt 15 grader i starten og litt før 06:00 så fikk eg mitt første besøk av Jernmannen, Knekten og Barnevakten. Det var stas å ha disse med noen ganger opp og ned bakken før de måtte hjem igjen for å komme seg på jobb. Eg hadde på forhånd gjort test av segmentet i Svinalibakken på hvor lang tid eg ville bruke opp og ned bakken. Og utifra dette så ble det laget et tidsskjema. Hadde beregnet 8min 40 sek på en runde, men det viste seg at eg havnet på ca 7:00 – 7:40 på hver runde. Det ble derfor tidlig klart at 10K merket var enkelt innen rekkevidden. Flaskebytte var på hver 5. runde. Det var planlagt at eg skulle teste om Tailwind Nutrition kunne være eneste form for ernæring på dette opplegget. Dette fungerte egentlig utmerket. Tailwind er kjent for å kunne fungere i lange løp som eneste form for ernæring, siden en får i seg det som trengs av næringsstoffer gjennom drikken. Turene opp og ned bakken gikk greit og tiden gikk uten at eg tenkte så mye over det. Var vel bare glad at skyene holdt seg på himmelen lengst mulig. For ifra 08:00 tiden så begynte temperaturen å stige fra 15gr og oppover, og klokken 10:00 så forsvant skydekket på himmelen og tempen var nå 20gr. Den steg til over 25 frem til 11:00. Eg var da på runde 46 og låg nå 50 minutter foran skjema, noe som lovet bra. Eneste eg tenkte på var at eg burde begynt enda litt tidligere for å slippe unna solen. Heldigvis var Sol med oppe på toppen hele tiden og i 09 tiden så fikk hun byttet plass med gamlingen (min far Josef). Han skulle ta neste skift frem til 15:00. Eg såg viktigheten av god support med tanke på nye flasker med kald drikke hele veien. I tillegg til dette så var det supporten sitt ansvar å fylle ut tidsskjemaet slik at vi hadde kontroll på rundetider, tid foran skjema og antall runder. Det blir for dumt å bomme på dette når en legger ned et såpass godt stykke arbeid. Fant ut etter hvert at siden dette gikk så greit så skulle eg og ta en Trenching som er å sykle ned samme antall høydemeter som Mariana Trench. Den er verdens dypeste grop og ligger i Stillehavet. Fruen forstod ikkje heilt ka eg sko nedi ei Stillehavs grop når eg først sko på toppen av Everest og låg langt foran skjema. Tror hu hadde håpet på en kebab på ettermiddagen og ikkje sent på kvelden. Klokken gikk og fra 12:00 begynte eg å kjenne på varmen. Da låg den på jevnt 27-28gr helt frem til 16:00. Svinali er jo utformet slik at en får solen rett i ryggen hele tiden, så eg merket svetten godt. Hadde jo med skiftetøy, men siden alt gikk på skinner så tenkte eg ikkje tanken. Nedtellingen var i gang fra runde 65. Eg hadde besøk av noen få i løpet av dagen, noen som var veldig kjekt. 2 lokale aviser møtte og opp, for dette var jo stort i en liten vestlands kommune 😊 Klokken 16:02 var endelig Everestingen i boks. Da hadde eg passert 90 runder og låg 1t 23min foran skjema. Samtidig merket eg at motivasjonen sank 10 hakk. Hadde klart mitt første delmål og hadde bare 13 runder til 10K. Idiot som eg er så hadde eg tidligere på dagen skrytt meg opp til avisene om å kjøre en «trenching» som innebar 12 ekstra runder, altså 115 totalt. Dette treget eg på nå, skulle jo aldri nevnt dette til noen i det hele tatt. Så med ekstra heiarop fra Sol ved hver vending så var det bare å fortsette selv om motivasjonen var på bunn. Heldigvis så begynte det å komme folk inn i 17:30 tiden. Dette ble en stor boost for meg, å se at så mange stilte opp denne dagen her inne. Gamlingen kom inn igjen og hadde med seg gamlå denne gangen. De måtte jo få med seg slutten av galskapen. De siste rundene var det vel 15-20 mann som syklet ved siden av meg og hjalp meg. Passerte mål og 115 runder klokken 19:24 etter 14:24 på sykkel og 1t pause underveis. Sitter i ettertid med klump i halsen og ser på alle de gode venner og kompiser som stilte opp. Enormt takknemlig og rørt. Slikt setter spor. Tusen takk alle sammen. Ein stor takk også til Sol som ikkje klarte å holde seg hjemme fra 10-15, men kom inn igjen mye tidligere for å støtte meg 😊 Data: Svinalibakken minus flatt parti i topp og bunn. Lengde 1,1km, 99hm, 9%. Everesting - 8.848hm - 90 runder 10K - 10.000hm - 102 runder Trenching - 11.034hm - 112 runder + 3 runder som backup. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |