Då var det NMet unnagjort, og dei fleste som var med har kanskje fått varmen igjen etterkvart.. Som skrevet førre gong her var eg litt usikker på om eg skulle klare å finne ein toppform, og det var mykje att og fram siste to vekene. Men eg hadde ei veldig bra hardøkt få dagar før, så eg kjente meg nokså trygg på at formen skulle vera minst like god som den var på NM i fjor og då var den slettes ikkje verst. Etterkvart som det nærma seg blei også vervarselet meir og meir sikkert. Etter at det hadde vore to veker med knallver og tørt, fint føre, skulle det plutseleg slå om på rittdagen med over 25mm regn og tilhøyrande kalde temperaturar. Det betyr at løypa går frå å ha godt, forutsigbart grep, til å bli sleip og glatt. Ikkje mitt favorittføre. Eg er ikkje elendig på glatta, men heller ikkje blant dei beste. Dette rittet har eg køyrt seks gonger tidlegare, og det har vore tørt og fint alle gongene. Området nord i Gudbrandsdalen er også ein av dei plassane i Norge der det regner minst, så det var litt overraskande at det skulle bli såpass vått. Skulle eg klare å vinne ville eg helst hatt tørre forhold, men veret er uansett likt for alle, så her var det berre å sette på passande dekk og la det stå til. Det gjeld og å ha rett innstilling før start, då masse regnver på over 1000 meters høgde gjer som regel at ein kan telle antal plussgrader på ei hand.. Våt og kald blir ein då nesten uansett, så det gjeld å ikkje kjenne altfor mykje etter. Starten gjekk, og det begynte å sprekke opp allereie i det me gjekk inn i første motbakke. Det gjekk veldig fort, og eg gav nokre meter , då eg ville unngå pinnestive bein oppover den første lange stibakken. Det gjekk greitt, og eg var vel rundt 7.-8. posisjon oppover stien. Køyrte med god kontroll, for å kunne auke farten litt etter kvart og køyre meg opp til teten. Det kjentest nokså greitt ut og avstanden opp var ikkje spesielt lang. Eg auka farten litt og litt og kom meg opp til rundt 4.-5. posisjon etter ein halvtimes tid, og ting såg greitt ut. Eg hadde fått med meg at fjorårsvinnaren hadde fått ei luke i front, elles var det sånn høveleg samla, i den grad det går an å vera samla i eit slikt terreng. Det striregna, og var både gjørmete og glatt, men ikkje verre enn at eg hadde bra kontroll. Det kunne faktisk vera til min fordel at det var vanskeleg føre, ettersom ritt-tida då går opp. Og jo lenger, jo betre! Plutseleg la eg merke til at eg satt litt lågare enn normalt. Eg tenkte setepinnen hadde sklidd litt ned, eller at senkepinnen ikkje ville holde setet helt oppe. Ikkje noko stort problem, eg kan fint sykle med litt lågare sete. Skulle det sige skikkeleg er det raskt og lett å fikse i langesonen, kun sekundar tapt. Etterkvart som tida gjekk begynte eg også å slå pedalane nedi stein og røtter som stakk litt opp. Det gjer ein jo av og til, spesielt med fulldempa syklar, om bakdemparen blir komprimert akkurat i det pedalen er på lågaste nivå i tråkket. Men no skjedde det mykje oftare enn kva som er normalt.. Det var då eg såg at bakdemparen hadde begynt å lekke luft. Etter ein liten times sykling var eg allereie nede på halvparten av vandringa. Ikkje rart eg syntes eg satt litt lågt, og at pedalane slo nedi. Det var berre å håpe på at det ville halde seg på halvparten av vandringa, og at eg ikkje skulle miste meir luft enn eg allereie hadde gjort. Eg var fortsatt med i teten og hadde gode medaljesjansar. Me var jo ikkje halvvegs eingong! Det skulle vise seg at demparen lakk som berre det, og etter nokså kort tid var det nesten ingenting luft igjen. Eg var nede på den siste centimeteren av vandringa, og bakkeklaringa på pedalane var nede i kun eit par centimeter. Då blir det vanskeleg sykle bra i ei såpass teknisk løypa. Eg vart fråkøyrt av fleire, utan at eg kunne gjer noko med det. Eg måtte prøve å låse demparane for å halde høgda så høg som mogleg, samt å stå å sykle for å «vagge» sykkelen frå side til side for at pedalane ikkje skulle subbe i bakken. Game over i medaljejakta for min del – og DNF på resultatlista. Did Not Finish. Veldig skuffande. Eg hadde sett fram til dette NM lenge. Trent 550 timar i dei første seks mnd av 2021. Bygd opp ein solid base, og fått skvist ut ein god toppform. Ein toppform eg ikkje fekk brukt. Eg kjenner meg litt snurt, samtidig veit eg jo godt at innen toppidretten så har ein ingen garantiar. Ein kan gjere verdas beste forberedingar, men det betyr på ingen måte at ein er sikra å kunne omsette det til toppresultater. Eg visste eg kunne vera i mitt livs form, men kutte opp eit dekk i første skarpe stein, eller tryne og knekke kragebeinet i første dropp og dermed ville alt bli mislykka. Det var ingenting eg kunne gjort annleis. Det var ingenting på forhånd som tilsa at bakdemparen skulle begynne å lekke. Det var kort tid sidan forrige service, og både den og resten av sykkelen fungerte heilt perfekt før dette. Sånn er det i terrengsykling. Så NM gjekk fløyten, og det var eit lite antiklimaks nå i dagane etterpå. Heldigvis var dette kun første ritt i sesongen, og treningsjobben eg har gjort vil eg dra god nytte av dei neste månadane. Så no må eg berre legge ein god, og motiverande rittplan framover, og ikkje tenke så mykje meir på dette. Pakningen som lakk i demparen er bytta, og sykkelen er klar for nye treningar, for fleire ritt utover sommaren og hausten! Eg «trøstar» meg litt med at Emil Hasund Eid, som vann, køyrte det råaste rittet eg har sett nokon gong. Ingen var i nærheten ein gong, det var rett og slett kult å sjå nivået hans. Så eg hadde ikkje vunnet NM i år, sjølv om sykkelen hadde holdt. Ein pallplass ville vore mogleg, men eg har nok av både sølvmedaljar og bronsemedaljar frå NM frå tidlegare, så eg lever godt med det. I år var det eigentleg seier, eller ingenting. Det vart ingenting. Lars Granberg
0 Comments
Leave a Reply. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |