Hei igjen! I dag er det ei veke til NM, og eg sit på fjellet ovanfor Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen og prøver å hente meg inn igjen etter eit par harde treningsdagar her oppe. Ein heil tur rundt løypa i roleg tempo, rundt 5 - 5,5 timar, og ein runde i løypa i konkurransefart som ei rittsimulering dagen etter. Med 11 månader (!) sidan førre ritt er det ikkje berre berre å fyre maskineriet opp igjen for full gass. Løypa her oppe er sånn generelt slik som dette: 15 min på grus etter start, før eit bratt parti på 100 meter som må springast, der er det ikkje mulig å sykle. Når ein set seg på sykkelen igjen er det røff høgfjellsti, som går over i meir skogssti dei neste to timane(!). Mange trur ikkje på dette, men det er sant. Det er ei blanding av motbakkar og rå utforkøyringar som krever sitt både av rytter og utstyr. Fleire stader er det så bratt ein må gi absolutt alt for å berre komme seg opp kneika. Dette koster krefter! Heile stipartiet blir avslutta med ei bratt, krevande utforkøyring på sti der ein skal ned over 600 høydemeter i ein jafs. Her er det fjellvegg på eine sida, og oransje gjerder (alpin-sikring) på andre sida. Du vil ikkje velte ned i ura utfor gjerdet, då blir du nok sendt til dei evige jaktmarker.. Når ein så har komme til løypas lågaste punkt er det bratt klatring på grusveg som slynger seg i fine hårnålsvingar oppover på fjellet igjen. Her får ein alpefølelsen og vel så det. Bratt grusveg som ligg i solveggen, og går gjennom det eine gårdsbruket etter det andre. Opp denne bakken er det mange som får smellen. Eg har fått den sjølv her fleire gonger. Dei første 2,5 timane av løypa koster såpass mykje at det er veldig vanskelig å holde eit skikkeleg trøkk oppover her. Har ein sløst med kreftene, slurva med drikka, og ernæringa undervegs får ein svi oppover her. Det er ingen stader å gøyme seg bort, og over 12% snittstigning på seig grus gjer at ingen får noko gratis. Her kan ein vinne, og tape rittet. Eg har prøvd å jobbe med dette i heile vår då eg alltid har fått problem oppover her. På gjennomkøyringa i forgårs var det også bom stopp opp bakken, og eg måtte roe heilt ned. Sjå for deg ein fjelletappe i Tour de France. Dei som går i bruddet og bruker krefter og energi heile dagen stoppar ofte nesten heilt opp når dei kjem til eit langt fjell på slutten av etappen, sjølv om mange av dei faktisk mater det dei kan. Det ser ut som dei står stille samanlikna med dei som kjem med «friske» bein som har sittet i hovedfeltet heile dagen. Men av og til er det ein og annan som klarer å holde trøkket heilt til mål, sjølv etter å ha køyrt i brudd heile dagen. Han har klart å ete og drikke jevnt og trutt, og ikkje brukt meir krefter undervegs enn absolutt nødvendig, og har dermed akkurat litt drivstoff igjen innabords til å klare å trøkke jevnt, hardt til mål. Skal eg kunne vinne, eller komme på pallen, må eg ha ein liten reserve igjen til den bakken, samtidig vere med i teten når eg kjem dit.. Så enkelt, men så vanskeleg. Derfor digger eg denne løypa! Frå toppen av bakken og inn til mål er det grus og relativt lett høgfjellsti. Høyres lett ut, men det er relativt seigt likevel. Eg har køyrt eindel spesifikke treningsturar heime i gjennom våren og forsommaren. Det vil seie 2,5 - 3 timar med solid «mating», der eg ligg eit snitt på rundt 300 watt/4,6-4,7w/kg heile tida, så avslutter eg med ein passande bakke på rundt 20 min der eg køyrer så nærme terskel som mulig, mellom 360 og 380 watt. Tømmer eg glykogenlagra fullstendig ila dei første 2-3 timane, blir det umulig å holde bra trøkk på slutten. Då går eg på bånn-nivået mitt som er rundt 300 watt. Den kraften eg kan holde heile dagen, om eg gidd. Det er avgjerande å få i seg gel og drikke jevnt og trutt. Det er lett på trening og i dei fleste løyper. I denne NM løypa er det dritvanskeleg. Sidan det utelukkande er sti kan ein kan ikkje berre sleppe styret kor som helst ila dei to første timane. Då er det lett å nedprioritere den drikkeflaska.. så det blir superviktig undervegs. Eg har og eksperimentert ein del med diverse ernæringstiltak undervegs, for å kunne få ein liten boost, når eg treng den. Bl.a ein koffeinshot på rundt 260mg koffein som eg tar rundt 45 min før eg kjem til bakken. Koffein brukar mellom 40 og 70 min å bli tatt opp av kroppen, det er individuelt. Så eg brukte litt tid på å finne ut kor lang tid min kropp brukte på dette. Korleis det går vil tida vise, men eg har i alle fall gjort det er har trudd var det beste. For omtrent ein mnd sidan var eg i veldig bra form og hadde ein god følelse. Då tok eg ein råsjangs på eit formtoppingsopplegg som er litt utenfor det normale. Eg har alltid kjørt eit safe opplegg i alle år, og med to bronsemedalalar, og to sølvmedaljar i NM frå tidlegare er det på tide å ta litt meir sjanser for å prøve å få i komplett samling. Kan gå nærmare inn på dette seinare, men hadde eg NM vore i dag, hadde eg definitivt ikkje vunne. Sikkert ikkje kommet blant dei 10 beste eingong! Men det skal skje mykje den siste veka, forhåpentlegvis til min fordel.. men eg er neimen ikkje sikker. Kanskje har eg bomma heilt, kanskje har eg truffe blink. Eg angrar litt på at eg ikkje fulgte eit litt meir tradisjonelt og sikkert treningsopplett siste månaden, men det er jo lett å sei nå når det føles litt seigt. Nå må eg fullføre, og så får eg fasiten om ei veke! �� Lars Granberg
0 Comments
Leave a Reply. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |