Førre helgs Norgescupritt gjekk etter forholda bra. Eg tok vaksine nr to, og Moderna viste seg som sterke saker, så det gjekk litt som frykta. To dagar med feber og sofatjeneste. Kvikna til midt på fredagen og ein lett sykkeltur med litt progressive terskeldrag, som ikkje føltes alt for ille gjorde at eg bestemte meg for å stille i NC dagen etter. Beina kjentes greie, men pulsen var skyhøg. Det var den også dagen etter, og eg merka raskt at det var berre å gløyme å klare å trøkke til over terskel, for der var det ingenting. Eg stivna fortare enn normalt, så her var det om å gjer å komme seg gjennom med litt smart køyring. Det gjekk ganske greitt. Eg var med i teten heile rittet, men datt faktisk av med ein halvtimes tid igjen etter ei fartsauke i front. Kom meg heldigvis opp igjen ved å kjøre jevnt hardt istadenfor å prøve å spurte meg opp på kort tid. Når det nærma seg slutten måtte eg på nytt sleppe, og såg sigeren gli av gårde. Jamn køyring her også gjorde at eg tok at andremann og distanserte dei bak. Dermed kunne eg spurte om andreplassen. Alle som har sett meg spurte veit at eg stiller dårleg så det blei tredje på meg, noko eg eigentleg var godt nøgd med. Pallplass er alltid bra
Det blei ein fin gjennomkøyring på 3t20m, noko eg visste kunne komme godt med til rittet i Tsjekkia. Der tenkte eg at eg også ville vere kvitt alle etterdønningar av vaksinebiverknader, og kunne trøkke litt over terskel igjen, noko som ville vera viktig for eit bra resultat. Turen nedover Europa gjekk bra, og eg nytta dei to siste dagane til å sjekke ut løypa. Sykla 5,5t torsdag og fekk dermed dekka 2/3 av ruta. Mao ei solid rittløype. Ca 95km, 2500 hm med 85% sti og traktorveg, resten asfalt og fin grus. Treninga kjentes veldig bra ut både torsdag og fredag. Det er såklart sjeldan kost å kjøre ein såpass lang tur kun to dagar før, men etter to dagar med kun kort, lett trening ifm reisa, så kjentes det berre bra å tråkke ut litt. Eg kjente meg rett og slett i bra form, og då eg stod opp fredag kunne eg ikkje kjenne gårsdagen i beina. Fredag sykla eg gjennom siste 30km og fekk inn eit par progressive vekkedrag. Då gleda eg meg til start! I 2015 blei eg nr tre i dette rittet, og nr fem året etter. Eg hadde faktisk tru på eit slikt resultat i år også. Starten var på asfalt, og det drog avgårde i eit solid tempo. Eg ville prøve å halde meg i rundt 6-8 posisjon for å ikkje havne for langt bak når det gjekk inn i skogen. Det gjekk tåleg bra, men eg kjente allereie etter nokså kort tid, då me møtte dei første skikkelege knekkerane, at her var beina og kroppen i same tilstand som førre helgs NC. Dvs det var greitt å køyre opp til terskel, men lite å gi når eg må ta i skikkeleg.. Då er realiteten i desse ritta at det er berre å sei bye bye til teten. Eg kan vera med inn på eit vanleg Norgescupritt kun på grunnform og jamn køyring, men her er det berre å gløyme det. Eg prøve å roe ned, køyre så jevnt hardt som eg kunne og blei tatt igjen av det som var gruppe to, men også her måtte eg gi meter på bakketoppar, og etter halvanna time segla også dei etterkvart av garde. Eit siste håp er å holde igjen såpass lenge at beina løsner litt, men det blei berre seigare og seigare. Etter rundt 2,5 time syntes eg at nok var nok og satte meg i bilen. Dermed gjekk det litt som eg frykta. Den vaksinen var definitivt ikkje bra for formen. Kan jo hende eg ville blitt sånn utan også, men eg har i alle fall aldri opplevd å miste formen sånn heilt ila eit par dagar.. Så eg angrar litt på at eg ikkje venta med den, til seinare i haust. Å bryte her hadde eg ikkje sett for meg som eit alternativ på forhånd, så eg blei veldig skuffa. Trur faktisk ikkje eg har blitt så lei meg etter eit sykkelritt nokon gong. Så satt eg då i senga på eit halvslitent motell i Tsjekkia og angra på heile turen.. har mest lyst å reise heim, men i og med at neste ritt er fire etappar, med lange fjell istadenfor bratte knekkerar, så er det jo håp om at jamn køyring kan gå betre, og ikkje minst at beina kan normalisere seg litt innan start på torsdag. Har høyrt dei som ikkje klarte å makse på trening på om lag ei veke etter vaksine nr to, og då kan eg jo håpe at eg er ein av dei. Dermed må eg berre riste av med denne skuffelsen og komme meg vidare. Lars G
0 Comments
Leave a Reply. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |