Då var turen kommen til Schladming i Østerrike. Kanskje mest kjend som vintersportstad, og det store Nachtslalom-rennet kvart år. Her skulle firedagarrittet Alpentour Trophy holdas veka som var. Fire etapper, der dei tre første er normale XCM etapper, og den siste ein bakketempo med intervallstart. Eg fekk sykla gjennom heile første etappen ila dei to første dagane eg var på plass, og løypa var litt som forventa. Lange klatringar på ei blanding av asfalt, traktorveg, grus og sti. Nedover går det ofte også på grus/traktorveg, men tidivis på skikkeleg hårete sti. Eg hadde med både hardtail og fulldempa sykkel (med senkepinne), og valgte å bruke fulldempaen. Dette til tross for at hardtailen er noko lettare, og betre å klatre med. Fleire rytterar her nede er litt dårlege utfor, eller i alle fall held dei ein del igjen nedover, og det tenkte eg å dra fordel av med å velje fulldempa og dermed ha mulighet til å enten gønne litt i frå, eller ta inn ev. tapt tid, nedover.
Å klatre lange bakkar fekk eg trent litt på i sommar. Det er noko anna å klatre oppover når det drar seg over halvtimen, og gjerne strekk seg opp mot ein time samanhengande oppover. Plutseleg kjennes 20 mins bakkedrag som veldig kort.. Eg var spent på korleis formen eigentlig var etter at det gjekk drita dårleg i Tsjekkia. Det kjentes fint ut på trening i forkant, men det gjorde det også i Tsjekkia. Så eg bestemte meg for ein noko defensiv taktikk på første etappe, med å halde igjen ut frå start og heller prøve å auke farten etter kvart. Då måtte eg og tåle å bli fråkjørt av mange. Løypa talte 65 km og i underkant av 3000 høydemeter klatring. Eg prøvde å halde jamn fart, men gjennom etappen gjekk eg frå å både kjenne meg veldig bra til å kjenne meg heilt elendig, fleire gonger. Det var nokså varmt, og veldig klamt i lufta og eg kjende mot slutten av eg byrja å bli nokså dehydrert. Fingrane krølla seg rundt styret, og det er sjeldan eit godt teikn. Eg køyrde jamnt bra heilt til eg kom til neste siste klatring. Der blei det krabbegir, og eg tapte mange minutt berre der. Heldigvis var det fleire enn meg som hadde fått det, og eg var ikkje den einaste som det gjekk smått med. Det blei likevel eit solid tidstap og eg rulla inn som nr 16 i mål, etter gode 3,5 time. P16 var eit ok resultat, og det var rytterar som perler på ei snor foran meg på lista. Så bortsett frå den halvtimes klatringa eg fekk føle på hammaren, så var eg brukbart nøgd. Kroppen var mykje betre enn den var i Tsjekkia, og då visste eg at eg var på betringens veg, formessig. Andre etp kjentes umiddelbart betre ut allereie frå start. Etappen var nokså lik som første, med rett over 60km og rundt 3000hm. Ein rå nedkøyring på tusen høgdemeter, frå høgaste punkt, på ikkje akkurat flytsti gjorde valget om fulldempar med senkepinne rett. Eg fann ein grei flyt, køyrde kontrollert i klatringane, og kunne dure inn til P11 i mål. Beina kjentes betre ut på slutten enn på starten, derfor var eg klar for å gønne skikkeleg på tredje etp. Det gjorde eg også, og på tredje etp var eg med i teten. Endeleg kjente eg meg sprek! Denne etp var noko kortare enn dei to første, men hadde tilgjengjeld den lengste klatringa. Den starta med 400hm på jamn asfalt, før det blei 800hm på grus og sti. Her klatre eg selfølgeleg å punge like før den lange klatringa starta.. så dermed drog toget frå meg. Eg fekk etter kvart bytta hjul, men måtte klatre heile fjellet aleine, istadenfor å få første del «gratis».. Dette var litt som heile 2021 sesongen har vore til no. Når eg første kejnner meg bra så kjem det noko i vegen. Så då måtte eg bruke alle kreftene på å komme meg så langt opp på lista som mulig igjen, istadenfor å kunne vera med heile der framme. Eg kom meg ikkje opp igjen der eg var, men klarte å redde inn slik at eg i alle fall ikkje tapte plassar i samandraget. Siste etp var ein rein bakketempo, med intervallstart. 1250 hm fordelt på ca 13km. Tidvis slak grusveg, tidvis psykobratt sti. Her var det vanskeleg å finne ein god flyt! Prøvde å klatre eit par plassari samandraget, då dei to foran meg der hadde det litt tungt. Slo dei på denne etp men ikkje med nok, så eg havna tilslutt på 14. plass samanlagt. Heilt fint resultat det, sjølv om eg hadde håpa på ei topp 10 plassering. Uansett var eg fornøgd med at bein og kropp responderte bra, og det virka som vaksinebivirkningdriten var på god veg ut av systemet. Heile formålet med denne turen var å få banka inn nokre gode resultat for å forhåpentlegvis kunne få lov til å køyre VM, som i år blir arrangert i Italia 2. oktober. I og med at NM gjekk ad undas, hadde eg lite å slå i bordet med i år. Ikkje hadde eg køyrt UCI ritt ute i verden tidlegare i sesongen då eg la alle egga i NM korga. Smart. Men gleda var då stor då eg fekk tommel opp frå landslagssjefen om at Alpentour var bra, med dei forutsetningane eg hadde. Kanskje eg og fekk litt goodwill etter å ha køyrt ganske mange ritt utanlands dei siste ti åra også, eg veit ikkje, men i alle fall, på tysdag sit eg på flyet til Pisa, for å køyre mitt sjette VM, på øya Elba i Toscana. Endeleg ein opptur! CKH trøya er fin, men det er noko eige med å dra på seg landslagstrøya
0 Comments
Førre helgs Norgescupritt gjekk etter forholda bra. Eg tok vaksine nr to, og Moderna viste seg som sterke saker, så det gjekk litt som frykta. To dagar med feber og sofatjeneste. Kvikna til midt på fredagen og ein lett sykkeltur med litt progressive terskeldrag, som ikkje føltes alt for ille gjorde at eg bestemte meg for å stille i NC dagen etter. Beina kjentes greie, men pulsen var skyhøg. Det var den også dagen etter, og eg merka raskt at det var berre å gløyme å klare å trøkke til over terskel, for der var det ingenting. Eg stivna fortare enn normalt, så her var det om å gjer å komme seg gjennom med litt smart køyring. Det gjekk ganske greitt. Eg var med i teten heile rittet, men datt faktisk av med ein halvtimes tid igjen etter ei fartsauke i front. Kom meg heldigvis opp igjen ved å kjøre jevnt hardt istadenfor å prøve å spurte meg opp på kort tid. Når det nærma seg slutten måtte eg på nytt sleppe, og såg sigeren gli av gårde. Jamn køyring her også gjorde at eg tok at andremann og distanserte dei bak. Dermed kunne eg spurte om andreplassen. Alle som har sett meg spurte veit at eg stiller dårleg så det blei tredje på meg, noko eg eigentleg var godt nøgd med. Pallplass er alltid bra
Det blei ein fin gjennomkøyring på 3t20m, noko eg visste kunne komme godt med til rittet i Tsjekkia. Der tenkte eg at eg også ville vere kvitt alle etterdønningar av vaksinebiverknader, og kunne trøkke litt over terskel igjen, noko som ville vera viktig for eit bra resultat. Turen nedover Europa gjekk bra, og eg nytta dei to siste dagane til å sjekke ut løypa. Sykla 5,5t torsdag og fekk dermed dekka 2/3 av ruta. Mao ei solid rittløype. Ca 95km, 2500 hm med 85% sti og traktorveg, resten asfalt og fin grus. Treninga kjentes veldig bra ut både torsdag og fredag. Det er såklart sjeldan kost å kjøre ein såpass lang tur kun to dagar før, men etter to dagar med kun kort, lett trening ifm reisa, så kjentes det berre bra å tråkke ut litt. Eg kjente meg rett og slett i bra form, og då eg stod opp fredag kunne eg ikkje kjenne gårsdagen i beina. Fredag sykla eg gjennom siste 30km og fekk inn eit par progressive vekkedrag. Då gleda eg meg til start! I 2015 blei eg nr tre i dette rittet, og nr fem året etter. Eg hadde faktisk tru på eit slikt resultat i år også. Starten var på asfalt, og det drog avgårde i eit solid tempo. Eg ville prøve å halde meg i rundt 6-8 posisjon for å ikkje havne for langt bak når det gjekk inn i skogen. Det gjekk tåleg bra, men eg kjente allereie etter nokså kort tid, då me møtte dei første skikkelege knekkerane, at her var beina og kroppen i same tilstand som førre helgs NC. Dvs det var greitt å køyre opp til terskel, men lite å gi når eg må ta i skikkeleg.. Då er realiteten i desse ritta at det er berre å sei bye bye til teten. Eg kan vera med inn på eit vanleg Norgescupritt kun på grunnform og jamn køyring, men her er det berre å gløyme det. Eg prøve å roe ned, køyre så jevnt hardt som eg kunne og blei tatt igjen av det som var gruppe to, men også her måtte eg gi meter på bakketoppar, og etter halvanna time segla også dei etterkvart av garde. Eit siste håp er å holde igjen såpass lenge at beina løsner litt, men det blei berre seigare og seigare. Etter rundt 2,5 time syntes eg at nok var nok og satte meg i bilen. Dermed gjekk det litt som eg frykta. Den vaksinen var definitivt ikkje bra for formen. Kan jo hende eg ville blitt sånn utan også, men eg har i alle fall aldri opplevd å miste formen sånn heilt ila eit par dagar.. Så eg angrar litt på at eg ikkje venta med den, til seinare i haust. Å bryte her hadde eg ikkje sett for meg som eit alternativ på forhånd, så eg blei veldig skuffa. Trur faktisk ikkje eg har blitt så lei meg etter eit sykkelritt nokon gong. Så satt eg då i senga på eit halvslitent motell i Tsjekkia og angra på heile turen.. har mest lyst å reise heim, men i og med at neste ritt er fire etappar, med lange fjell istadenfor bratte knekkerar, så er det jo håp om at jamn køyring kan gå betre, og ikkje minst at beina kan normalisere seg litt innan start på torsdag. Har høyrt dei som ikkje klarte å makse på trening på om lag ei veke etter vaksine nr to, og då kan eg jo håpe at eg er ein av dei. Dermed må eg berre riste av med denne skuffelsen og komme meg vidare. Lars G |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |