Då var det gjort! For eit sjukt ritt! Og for ein smell eg gjekk på! Tirsdag kveld forrige veke gjekk flyet til Pisa, og morgonen etter bar vidare til havna i Piombino, der det venta ei kort fergetur. Lite sveler å spore på ferga, men totalt munnbindpåbod var det overalt. Italia er definitivt ikkje ope som normalt, enda. Øya Elba er mest kjent for å ha husa Napoleon i eksil etter han tapte eit slag i 1814. Han var på øya i nesten eit år før han igjen gjekk til krig, i Waterloo. Han tapte vel der også trur eg. Eg sykla ein runde i løypa onsdag. Det tok nesten tre timar i passe tempo. Då skjønte eg at lørdagens mesterskap kom til å bli langt, ettersom me då skulle tre rundar, pluss ei eiga avslutningssløyfe på 10 km. Landskapet på Elba består av stein, sand og tørr, rød jord. Om nokon har sykla sti på Gran Canaria kan det samanliknas med underlaget der. Ganske grovt. Det var ingen veldig lange bakkar, då høgaste punkt i løypa var rett over 400 moh, men fyttigrisen så bratt enkelte stader, både opp og ned. Snittfarten på runden var låg, ettersom utforkøyringane stort sett var smale sikksakk-stiar med mykje laus stein/pukk og eit topplag av sand som gjorde det glatt. Det var ingen stader der ein kunne slappe litt av, og hente seg skikkeleg inn igjen. Arrangøren hadde oppgitt at det var 4500 høydemeter totalt. Eg synes det høyrtes mykje ut, i og med at det ikkje var så lange klatringar, men det skulle vise seg at det reelle antallet var nesten 4800 høydemeter, så dei tok ikkje eingong i for mykje Så det var ikkje mange flate partier, stort sett gjekk det enten opp eller ned. Eg hadde tenkt å få eit par tre rundar i løypa i dagane før, men kjente etter første dag at det holdt. Fordi den er så bratt eindel stader gjekk det ikkje an å komme gjennom i eit roleg tempo, så onsdagens treningsrunde var eigentlig tøff nok. Torsdag var eg nokså gåen i beina, så det blei kun ein lett spinn på flat asfalt. Ofte legg eg på meg eit par kilo etter ei lang reise med bil og fly. Det er berre vatn, men det er likevel ekstra vekt.. Normalt forsvinn det etter ein dag eller to, men her var det såpass varmt og klamt klima at det liksom ikkje ville bort. Eg kjente meg litt tung og "pløsete". Fredag kjentes beina betre ut, sjøl om det fortsatt var litt daft, men det var ikkje så mykje eg kunne gjer med formen så nær uansett. Sykla halve runden, omlag halvanna time, og gav på litt her og der for å få beina litt i gir. Formen hadde vore king kong lørdagen før då eg køyrde ein solid 6 timars treningstur heime, og bortsett frå ei halvslitsom reise, hadde eg ikkje gjort noko for at formen skulle forsvinne. Så her var det berre å lade opp på vanleg måte og håpe at eg ville fyre på alle sylinderane! Starten gjekk, og det var rett inn i ein bakke som førte opp til høgaste punkt i løypa. Først på asfalt, så betongunderlag, så grus og sti når det nærma seg toppen. Fin måte å få spredning i feltet på. Eg hadde ikkje noko særleg til ranking. Kun litt UCI poeng frå Alpentour, og det gav startposisjon 92 av 120. I denne løypa hadde det dog ingenting å sei, det var nok av tid på å komme seg fram på, for å sei det sånn! Hadde eg starta først kunne det fort blitt ei ulempe, ettersom det kunne vore litt å blitt ivrig, og sprengopna, og dermed få det skikkeleg etter kort tid. Uansett, eg åpna i vanleg Norgescup fart. Det er for meg nokså kontrollert. Til forskjell frå eit Norgescupritt, der eg då er framme i teten i lag med kanskje 3-4 andre, hadde eg no i VM over 80 stk foran meg i løypa. Det er trongt, og alle vil fram. Tar du nokre kviletråkk her og der så smett det nokon forbi. Dei første par timane føltes det som eg var omtrent bakerst, sjølv om eg plukka litt plasseringar heile tida. Eg hadde ingen rå dagsform, men det var langt i frå dårleg. Det var berre å stå på, holde så jevnt trøkk som mogleg, og få i seg alle drikkeflaskene eg kunne få, og klemme i meg ein gel eit par gonger i timen. Langesonane kom relativt hyppig, og eg passa på å tømme alle flasker eg fekk. Det var varmt i veret, samtidig som lufta var fuktig og klam. Når det nærma seg fem timar kjente eg at det begynte å røyne på. Det svarte landslagshortsen var meir kvit enn svart. Saltet låg tjukt på utsida. Plutseleg stoppa nesten beina opp.. eg byrja å fryse litt, og pulsen var låg, sjølv om eg tråkka til det eg makta. Eg var ikkje direkte dehydrert, men saltbalansen i kroppen var på villspor. Eg prøvde å proppe i meg det eg hadde. Kvar gel inneheld 0,1 g salter, men det var ikkje nok. Ellers dvs, det var for seint. Kroppen gjekk i krabbegir, og det var berre å prøve holde framdrift. Eg hadde rundt 30 km igjen, og skjønte nesten ikkje korleis eg skulle komme meg til mål. Det gjekk i langturtempo, og knapt nok det, sjøl om eg pressa det eg kunne. Dei to siste timane var dei desidert verste eg hatt hatt på ein sykkel nokon gong. Hadde dette vore eit anna ritt hadde eg brutt tvert. Men no var det VM, og eg var kommen meg opp godt inne blant dei 50 beste, så då var det om å gjer å ikkje tape for mykje. Helst skulle eg jo fortsatt å klatre på lista, slik eg hadde gjort dei første fem timane. Då ville eg endt opp veldig bra til slutt. Men no var det berre om å gjer å ikkje tape for mange plasseringar. Eg tapte over ein halvtime på den siste runden(!). Eit hav. Men heldigvis hadde dei fleste rundt meg også fått hammaren, for eg blei kun tatt igjen av to andre på slutten, og dermed kunne eg trille over mål som nr 49, i den sjukeste løypa eg har sykla nokon gong. Ikkje noko resultat å skryte uhemma av, men eg var faktisk fornøgd berre med å komme meg til mål. 49 er litt over midt på treet. Listefyll. Heilt ærleg så hadde det ikkje så mykje å sei om eg hadde blitt nr 34, 49 eller 78.. Når ein ikkje er ein kandidat til å vera med langt framme, så er det nesten viktigast å komme til VM, ikkje kva resultat ein får der. Sånn er det for dei fleste i OL og andre store mesterskap også. Eg gjorde mitt beste og meir kunne eg ikkje gjer. Bortsett fra at eg burde hatt eit lite gram salt i kvar drikkeflaske. Det angrar eg på. Kanskje eg kunne unngått smellen på slutten då. Men kven veit. Sesongen i år har ikkje vore den beste, men eg fekk redda meg inn på slutten sånn at det ikkje blei så verst alikevel. VM er stort, og eg er glad eg blei tatt ut og fekk vera med. Kanskje var det litt for "lang og tru tjeneste", men eg synes eg uansett fortjente det og at det kunne forsvaras. Dermed er NM fiasko og anna uflaks frå tidlegare i år nesten gløymt, og rittsesongen er offisielt over :-) Lars Granberg
0 Comments
Leave a Reply. |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |